Påmelding

ArrangørStatsforvaltaren i Møre og Romsdal
ArrangementSensorskolering for grunnskolen 2024 ? Sentralt gitt eksamen
StedScandic Alexandra
Tidspunkt31.05.2024 09:30
Sluttidspunkt31.05.2024 16:00
Påmeldingsfrist13.05.2024 23:59
 

Innkalling til sensorskulering i faga norsk, engelsk og matematikk i sensurregion Møre og Romsdal 31. mai 2024

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kallar med dette inn til sensorskolering på Scandic Hotel Alexandra i Molde 31. mai 2024.

Program: Se programmet her

Det blir parallelle skoleringar i faga matematikk, norsk og engelsk. Oppmannsgruppene som har vore på førehandssensur i regi av Utdanningsdirektoratet/fagnemnd, vil stå for den faglege gjennomføringa av skoleringa.

Stad: Scandic Hotel Alexandra i Molde Tid: 09:30 - 16.00 (registrering og Morning snack frå 09.30-10:00)

Målgruppe: Oppnemnde sensorar i engelsk, norsk og matematikk  Tema: Eksamen 2024. Drøfting av årets elevsvar.

Påmeldingsfrist: mandag 13. mai 2024. 

Økonomi: Skoleringa og reiseutgifter dekkjast av Statsforvaltaren. Vi ber om at de så langt som mogleg samkøyrer eller brukar kollektiv transport. Skulen/kommunen må dekkje vikarutgifter.

Overnatting: Vi har sett av ein del rom. Dersom du har meir enn 2,5 timar reisetid til Molde, kan du etter særskild avtale med oss få overnatting frå 30. mai. Ta kontakt med Annhild Lorentzen eller Tone Malme pr telefon eller e-post for avklaring.

Spørsmål om sensorskuleringa kan rettast til: 

Spørsmål om påmeldinga kan rettast til e-post [email protected] eller på telefon 71 25 85 11 

Stadfesting: Du vil automatisk få ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort. Denne stadfestinga skal nyttast ved kontakt hit ang påmeldinga di. Om du ikkje får ei slik stadfesting, vert du ikkje registrert som deltakar. Husk å sjekke din e-post.

Har du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: Annhild Lorentzen
Mobil: +4771258596
E-post adresse: [email protected]


Trykk her for å tipse andre om dette arrangementet
Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon