Påmelding

ArrangørStatsforvaltaren i Møre og Romsdal
ArrangementAVLYST: Kursleiarkurs i «Jeg vet»
StedScandic Alexandra
Tidspunkt29.05.2024 09:30
Sluttidspunkt29.05.2024 15:30
Påmeldingsfrist05.05.2024 23:59
 




Kurset er utsett til hausten! Foreløpig dato er 9. september 2024! Følg med på vår kurskalender på Kurs og konferansekalender | Statsforvaltaren i Møre og Romsdal (statsforvalteren.no)

RVTS Midt og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tilbyr kursleiarkurs i «JEG VET» for alle som jobbar med barn og unge i Møre og Romsdal.

Vald og overgrep mot barn og unge er eit stort samfunnsproblem. Vi veit at mange barn veks opp med vald, overgrep og omsorgssvikt, og vi veit at det aukar risikoen for alvorlege fysiske og psykiske helseplagar seinare i livet. Førebygging av vald, overgrep og mobbing er derfor viktig. 

Forsking viser at opplæring om mobbing, vald og seksuelle overgrep kan ha ein førebyggjande effekt og gi barn auka kunnskap, betre ferdigheiter og evne til å verne seg sjølv. 

«Jeg vet» er ein gratis digital læringsressurs for barnehagar og skular om mobbing, vald, overgrep og barns rettar. Innhaldet er knytt til rammeplan for barnehagen og læreplan for skulen.

I «Jeg vet» finn du læringsopplegg og filmar som gir rom for refleksjon og samtaler. Innhaldet er sortert etter tema og alle læringsopplegg inneheld forslag til aktivitetar som følgjer og omarbeider fagstoffet. «Jeg vet» er tilrettelagt for vaksenstyrte samtalestunder i barnehagen og undervisning i skulen. 

Gjør deg gjerne kjend med sida www.jegvet.no før du kjem på kurset.

I kurset blir også den digitale læringsressursen "Snakke med barn" introdusert som eit verktøy som med fordel bør bli teken i bruk saman med «Jeg vet». 

Formål og målgruppe

Kurset vil gi ein presentasjon av verktøyet «Jeg vet», og målet er at du kan vere ein ressursperson og formidle verktøyet slik at det blir brukt på eigen arbeidsplass. Målgruppa er alle som arbeider med barn og unge, og særleg i skule og barnehage.

Innhald

RVTS Midt vil presentere verktøyet, og det blir lagt opp til refleksjon og øving. Det blir også foredrag av gode foredragshaldarar om samtaler med barn og om implementering. 

Program kjem så snart vi har fått bekrefta foredragshaldarane.

Økonomi

Det er gratis å delta. Men manglende opppmøte blir fakturert for dagpakke. Deltakarar må sjølv dekke eventuell overnatting kvelden før.

Kontaktpersonar

Siri Leraand: [email protected]

Gunn Risan Nakken: [email protected]

Påmelding 

Det er bindande elektronisk påmelding innan 12.05.23. Registreringsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding kan rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11. 

Stadfesting 

Deltakinga blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse. 

 


Har du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: Gunn Risan Nakken
E-post adresse: [email protected]


Trykk her for å tipse andre om dette arrangementet
Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon