Påmelding

ArrangørStatsforvaltaren i Møre og Romsdal
Arrangement Regional plan- og klimakonferanse
StedQuality Hotel Waterfront
Tidspunkt01.10.2024 10:00
Sluttidspunkt02.10.2024 15:30
 

Gode planar er kommunane sitt fremste verktøy for å møte samfunnsutfordringane og sikre ei heilskapleg og berekraftig utvikling. Natur- og klimakrisa står framleis høgt på dagsordenen når statsforvaltaren og fylkeskommunen igjen inviterer til felles plan- og klimakonferanse, men vi vil også legge stor vekt på sosial berekraft. Deltakarane vil få fagleg påfyll om korleis kommunane kan løyse dei mange utfordringane vi står ovanfor. 

Konferansen er ein viktig møteplass for samarbeid på tvers av kommunegrensene. I tillegg til kompetanseheving, legg vi opp til tovegskommunikasjon med gode diskusjonar og refleksjonar om korleis vi i samarbeid skal løyse dei største utfordringane i Møre og Romsdal.

Hovudtema for konferansen er Ressursknappheit ? planlegging for framtida. I år er klima- og naturtema integrert i programmet begge dagar. Alle foredragshaldarar vil bli utfordra på å sjå alle berekraftsdimensjonane i samanheng.

Sjå konferansen i opptak: https://vimeo.com/event/4601464

Målgruppe

Konferansen passar for alle i kommunen som arbeider innan plan, utvikling, bygg, eigedom, klima, miljø, teknisk, vatn og avløp, avfall med meir. Vi oppfordrar spesielt kommunalsjefar innan desse områda til å melde seg på. Det er også opent for at andre statlege etatar og konsulentar kan melde seg på.

Påmelding

Det er bindande  elektronisk påmelding innan 15.09.2024. Registreringsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding kan rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting

Deltakinga blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting, er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse.

Betaling

Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura/EHF. Betalingsinformasjon fyllast ut på side 2 i påmeldingsskjema.

imgHar du spørsmål rundt arrangementet ta kontakt med arrangøren::
Navn: Anne Melbø
Mobil: +4771258515
E-post adresse: [email protected]


Trykk her for å tipse andre om dette arrangementet
Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon