E-kurs: Basiskurs i økonomisk rådgjeving

Økonomisk rådgjeving er ein lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret. Tilsette i Nav-kontora må difor ha grunnleggjande kunnskap om tenesta.

15. mai 2022 arrangerte vi digitalt basiskurs med to av dei økonomiske rådgivarane ved NAV-kontor i Møre og Romsdal. Opptak av kurset er no tilgjengeleg for dei som ønsker det. Mange NAV er i kontakt med kan ha økonomiske bekymringar eller problem sjølv om dei ikkje fortel om det. Basiskurset er derfor nyttig for rettleiarar i NAV-kontoret, sjølv om brukar ikkje er i kontakt for å få økonomisk råd og rettleiing, men for anna oppfølging.

Tema som vil bli presentert:

- Kunnskap om bakgrunn for økonomiske problem
- Kunnskap om korleis du fangar opp brukarar med økonomiske bekymringar eller problem
- Kunnskap om korleis du kan førebyggje økonomiske problem
- Auka medvit om kva økonomiske problem kan føra med seg
- Kunnskap og informasjon om tenesta økonomisk rådgjeving
- Kjennskap til ulike tiltak

Påmelding: Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til [email protected] eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som påmeldt.  Sjekk om du har fylt ut alle felt riktig. OBS! Lenke til kurset kan havne i søppelposten din.

 

Registreringsskjema

Verksemd / Virksomhet
 *
Eining / Enhet
 *
Stilling
 *
Fornamn / Fornavn
 *
Etternamn / Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Gjenta e-post
 *
Mobil
Klasse/kategori
 *
 *