Unghundkurs

Unghundperioden kan vere ei krevande tid, kvalpen blir større og meir utforskande, og lukkar tilsynelatande øyra. Dette er likevel ei gøyal tid å trene hund på!


På unghundkurset lærer du å trene dei viktigaste ferdighetene ein god familiehund treng til kvardags. 


Me jobbar med innkalling, passering, gå fint i bånd, kontakt, sitt, helse fint, og å vente på «værsågod», pluss at desse øvelsane skal fungere med dei forstyrrelsane me møter til dagen. Me går gjennom ein del forstyrrelsestrening, og sjølvbeherskingsøvelsar, og  tilrettelege kurset etter kursdeltakarane sine ønsker der det er mogleg.


Det viktigaste med unghundkurset er imidlertid ikkje kva hunden lærer, men kva DU lærer! Vårt mål er at du skal lære prinsipp for effektiv hundetrening som gjer deg i stand til å takle nye utfordringar med eigen hund etter kurset.

 

Går over 7 kveldar, og er ope for alle rasar i alderen ca 6 mnd til 24 mnd. Første kvelden er det teori utan hund.

 Innkalling, valp, Bergen

Innkallingstrening på kurs hos Canis Hundeskole avd. Bergen
Foto: Logre Hundefoto


 


 

 

 

 

Familiemedlem kan delta på kurset utan ekstra kostnad. Med observatør meinast ein fullverdig deltakar utan hund.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon