Unghestskulen 2020

Nytt kurstilbud frå oss!

Norsk Fjordhestsenter ønskjer å tilby 4 samlingar for unghest no i haustsemesteret. Det er mange unghestar i vårt område, og det er viktig med samling og sosialisering av desse. Vi ønskjer å tilby eit variert program for kvar samling med forskjellige aktivitetar og fokus på ulike tema som er relevant for unghestar. Tilbodet gjeld for føl og unghest til og med 3 år.


1.samling blir onsdag 30.september kl. 18.30.
Slepp av unghestar i tilpassa grupper. Leietrening for føla og  tømmekøyring for unghestar generelt. Fokus på hestane sitt hald, foring, hovstell og parasitt behandling. Måling av hestane og registrering.

2. samling blir onsdag 14.oktober kl.18.30.
Slepp i grupper. Miljøløype. Kort innføring om mønstring av hest på utstilling. Førebuing til føllskue.

3. samling blir onsdag 04. november kl.18.30.
Slepp i grupper. Vurdering av hald og eksteriør. Kort innføring i dømmesystemet. Trening i å gå på hengar. Manking av fjordhest.

4.samling blir onsdag 25. november kl.18.30.
Slepp i grupper og gjennomkøyring av ei miljøløype. Registrering av hold og vurdere foring. Markering av kursslutt med sosial samling.

Vi håpar at mange vil delta, og at vi får med dei unge og nye samt dei meir erfarne hesteeigarane. Redusert pris dersom du har med meir enn ein unghesthest. 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon