Webinar om rådgjevande eining for russaker

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Statsforvalteren i Trøndelag vil samen med KORUS-midt invitere til digitalt møte om regelverk og erfaringar om ordninga så langt. 

Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg. Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon.

Endelig program finn du i høyremargen.

Om du allereie no kjem på spørsmål eller problemstillingar du vil vi skal løfte i møtet, så kan du sende dei på e-post til kontaktpersonen innan 30. september. 

Oppkobling

Webinar om rådgjevande eining for russaker  startar 05.10.2023 kl. 12:00, men vi åpner for påkobling noko før programstart.  

Klikk på lenka for å bli med: Bli med i webinaret

Målgruppe

Leiarar og ansette med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar og ansette for rus og psykisk helse, sosiale tenester i Nav, barnevern og for helsestasjons- og skulehelsetenesta.

Ved å melde deg på samlinga, samtykker du samtidig til at kontaktinformasjonen din blir synleg i ein Outlook-invitasjon og delt med medarrangør. Les meir om personvern under:

https://www.statsforvalteren.no/nn/portal/Om-oss/Personvern/

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/etablering-av-radgivende-enheter-for-russaker-i-alle-kommuner/id2920863/

Påmelding

Det er elektronisk bindande påmelding innan 02.10.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11. 

Stadfesting

Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon