Webinar om den bustadsosiale lova III

I det bustadsosiale arbeidet skal kommunane samarbeide på tvers av sektorar, samordne tenester, og samarbeide med andre offentlege aktørar for dei vanskelegstilte på bustadmarknaden. Kva inneberer det?


17. april inviterer Statsforvaltaren til det tredje webinaret om den bustadsosiale lova som trådde i kraft 1. juli 2023. Føremålet med lova er å få eit tydelegare og meir samla regelverk, og tydeleggjere kommunane sitt ansvar på det bustadsosiale feltet.

Statsforvaltaren i Vestland har invitert til fleire samlingar om bustadsosial lov denne våren.


I webinaret vil §5, første ledd vera hovudtema - Kommunen skal i sitt arbeid på det boligsosiale feltet sørge for samarbeid på tvers av sektorer og samordning av sine tjenester. For øvrig skal kommunen samarbeide med andre offentlige aktører som kan bidra til arbeidet for vanskeligstilte på boligmarkedet (Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet - Lovdata).


Webinaret er aktuelt for leiarar og fagpersonar som organiserer, planlegg og legg til rette for kommunen sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Det er og aktuelt for dei som arbeider med forvaltning av bustader, økonomi og andre med helse- og sosialfagleg bakgrunn som arbeider med og for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Samlinga er på Teams, og gratis å delta på.


Program 

  • Velkommen og omtale av bustadsosial lov §5 første ledd ved Sverre Høynes, fagdirektør hjå Statsforvaltaren i Vestland
  • Bakgrunn for bustadsosial lov og betydninga av tverrfagleg samarbeid ved Lars-Marius Ulfrstad, seksjonsleiar hjå Statsforvaltaren i Vestland
  • Døme på tverrfagleg samarbeid om arbeidet for vanskelegstilte på bustadmarknaden ved Birgit Almås, koordinator ved Bustadkontoret i Stord kommune
  • Deltakarane delast inn i grupper. Dette er ein viktig del av webinaret då ein her vil kunne prate og diskutere saman, dele erfaringar på tvers av kommunar, og løfte aktuelle utfordringar knytt til den bustadsosiale lova. Kanskje de her kan få eit nettverk som kan vera nyttig seinare?


Vi oppmodar kommunar til brei deltaking, slik at de i etterkant av webinaret kan få gode, faglege diskusjonar om bustadsosiale omsyn og planlegging.


Det vert ikkje gjort opptak av webinaret.
Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at namn og e-postadresse blir synleg i ein Outlook-invitasjon, og i Teams-møtet. Les meir om personvern under «Lenkjer».


Arrangør: Statsforvaltaren i Vestland

Målgruppe: Leiarar og fagpersonar som organiserer, planlegg og legg til rette for kommunen sitt ansvar på det bustadsosiale feltet. Det er og aktuelt for dei som arbeider med forvaltning av bustader, økonomi og andre med helse- og sosialfagleg bakgrunn som arbeider med og for vanskelegstilte på bustadmarknaden




Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon