Totalberedskapskurs 1 (TBK1)

Forstå di tid og rust deg for ei usikker framtid 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, saman med HV-11 og Møre og Romsdal politidistrikt, inviterer toppleiarar i fylket til eit unikt kurs i totalberedskap.

Vi skal bygge totalberedskapen 

Totalberedskapskommisjonens rapport heiter; ”Nå er det alvor” Det utfordrer oss til å vere årvåkne, auke k iseforståinga og heve kompetansen hos toppleiarar i Møre og Romsdal.
Med eit historisk tilbakeblikk legger vi grunnlaget for å forstå notida og møte framtidas utfordringar.

Deltakarane vil få nyttig kunnskap om sikkerheit og beredskap på nasjonalt, regional og lokalt nivå. Vi legg opp til å styrkje samarbeidet mellom dei ulike deltakarane og dei ulike aktørane i vårt fylke. Kurset vil derfor ha deltakarar frå ulike sektorar. Totalberedskapskurset vil gje kunnskap om vår tids utfordringar, eit solid historisk bakteppe, innblikk i korleis totalforsvaret fungerer, og korleis du som leiar kan bidra inn i totalforsvaret. Vi vil sette Møre og Romsdal inn i den tryggingspolitiske situasjonen. Vi avsluttar kurset med ei øving.

Kurset skal styrke samarbeid i fylket på tvers av sektorar, og auke vår kriseforståing og motstandskraft. Alle innleiarar er utfordra på årelatere sine tema til Møre og Romsdal. Det er forventa at kursdeltakarane deltek på heile kurset.

Læringsmål

• Konkrete råd til kvardagen som leiar

• Auka kriseforståing og innsikt i krisespekteret

• Historisk oversikt og kjennskap til korleis historia påverkar vår tid.

• God kjennskap til Møre og Romsdal og totalberedskapsarbeidet

• Samfunnsendringar og trendar

• Kjennskap til forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen sitt arbeid.

• Innsikt i den politiske prioriteringa knytt til langtidsplanen for Forsvaret

Økonomi:  Kurspris 1700kr. Dette inkluderer kost og losji heile veka og avslutningsmiddag på Eggen m/gondol. Kvar deltakar dekker sjølv reiseutgifter. Det er også viktig at det er arbeidsgjevar som betalar lønn for desse dagane.

Målgruppe: Toppleiarar frå kommunar, forvaltning, næringsliv og akademia i Møre og Romsdal. 

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 08.03.2023.  Registreringsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.  

Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse. 

Betaling:Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura/EHF. Påmeldingene godkjennes manuelt etter påmeldingsfrist, og en vil da motta lenke for å gjennomføre betaling.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon