Tilskotswebinar
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ønsker å nå ut til så mange som mogleg med informasjon om dei forskjellige tilskota som vi forvaltar på vegne av ulike fagdirektorat innan helse, sosial og omsorgsfeltet.
Om både leiarar og tilsette har same informasjon om kva slags tilskot kommunane kan søke for å utvikle kompetanse og tenester, vil det kunne auke moglegheitene for å arbeide for betre tenester i kommunane, og sjå tilskot og utviklingsarbeid i samanheng.
For å nå ut til flest mogleg vil vi i år arrangere eit «Tilskotswebinar» for kommunane i fylket. Der vil vi først informere kort om nasjonale forventningar og føringar knytt til statsbudsjettet. Vidare vil vi presentere dei forskjellige tilskotsordninga som kommunane kan søke på innan fagfelta helse og omsorg, og kommunale sosiale tenester.
I løpet av webinaret er vi tilgjengeleg på chat for å svare på spørsmål. Opptaket med informasjon om dei enkelte tilskota vil ligge på vår tilskotskalender. Der finn de og regelverk og lenke til søknadskjema når det er kunngjort.
Vi håper dette kan vere av interesse og ønsker velkomen til Tilskotswebinar. For å kunne sjå målgrupper og formål med tilskota i samanheng, og korleis desse kan bidra til heilskaplege tenester i kommunane, oppfordrar vi dykk til å møte med ei brei tverrfagleg gruppe.
Målgruppe: Helse og sosial, omsorgsektor, kommuner og NAV
Økonomi: Gratis
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 16.01.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.