Samling for økologiske bønder i Møre og Romsdal

Invitasjon til samling for økologiske produsentar fredag 23. - laurdag 24. februar på Vestnes Fjordhotell.

Velkomen til ein fagleg og sosial møteplass om økologisk landbruk! Er du i omlegging til økologisk produksjon eller går med tankar om å gjere det så er du også velkomen!

Programmet inneheld faginnlegg frå Økologisk Norge, NORSØK, NLR og Statsforvaltaren med tema internasjonale trendar, jordhelse og ugrasbekjemping. Her er noko for alle med ulike produksjonar! I tillegg kjem inspirasjonsbonde Georg Smedsland som driv med sau og planteproduksjon i Audnedal i Vest-Agder.

To økoprodusentar frå Møre og Romsdal skal fortelje om sine produksjonar og dele sine erfaringar. Det er også sett av tid til å dele eigne erfaringar, utfordringar og suksessar som økoprodusent.

Arrangør: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Arragementet er ein del av Økoprosjektet som er støtta av Møre og Romsdal Fylkeskommune.

Overnatting: Bestillast av kvar enkelt direkte med Vestnes Fjordhotell. Send bestilling via epost til [email protected] og oppgje «økosamling statsforvalter»
For å kunne garantere rom må hotellbestillinga skje innan 9.februar.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 18. februar 2024Registreringsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.  

Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse.  

Betaling:  Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura/EHF. Betalingsinformasjon fyllast ut på side 2 i påmeldingsskjema. 

Synfaring laurdag etter fagseminaret

Gjermundnes vgs har bygd eit nytt fjøs og vi har høve til å delta på felles synfaring etter lunsj. Kryss av i feltet under viss du ønsker å delta.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon