Samling for faste verjer

I ÅR IVITERER  VI TIL SAMLING FOR FASTE  VERJER I JUNI - MØT OSS I KRISTIANSUND 13. JUNI ELLER I ÅLESUND 14. JUNI

Verjemålsgruppa hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer faste verjer til  fagleg påfyll, samvær og erfaringsutveksling.

Samlingane vert på:

Thon Hotell Kristiansund den 13.06.2023 kl. 17.00-20.00

Spjelkavik Panorama i  Ålesund den 14.06.2023 kl.17.00-20.00                                                                                                                        

Program for samlinga:

Endringane i verjemålslova frå 01.04.23, med fokus på kva dette fører til for verjene.

Pause med varmrett, kaffe og kake og tid for prat over borda.

Gjennomgang og drøfting av innmeldte tema frå dykk verjer.

Vi håper så mange som mogleg av dykk faste verjer har høve til å delta på samlinga enten i Kristiansund eller Ålesund. Reis gjerne saman til samlinga om det er mogleg. Vi dekkjer faktiske reiseutgifter i etterkant av kurset.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 02.06.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11. 

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt. 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon