Samarbeid og medbestemmelse med fokus på tillitsreform, bærekraft og livslang læring

Velkommen til regional konferanse! Vi viser til tidlegare konferansar, og vil med dette invitere til ny regional konferanse om samarbeidskompetanse og medbestemmelse i Trondheim for statlege verksemder i Midt-Norge.

Tid: 31. januar - 1. februar 2023. 

Konferansen startar kl. 10.30 første dag og vert avslutta kl. 14.30 andre dag.

Arrangør: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Regional arbeidsgruppe for samarbeidskompetanse og medbestemmelse

Program: kommer

Målgruppe: Tillitsvalte og leiarar ved statlege verksemder i Møre og Romsdal, Trøndelag og deler av Nordland

Økonomi: Konferansen er gratis*, kostnaden vert dekt av tilskudd frå kompetansemidler avsatt i Hovedtariffavtalen for staten 2020-2022.

*Reise og opphold vert dekt etter samla refusjonskrav frå kvar verksemd i etterkant. Tidsramma for konferansen er slik at det skal vere mulig å starte reisen same dag som konferansen startar og returner same dag som den slutter. Av budsjettmessige grunner ber vi om at deltakarane tek omsyn til det. Vi dekker reise på rimelegaste måte (offentleg transportmidler /privatbil dersom fleire køyrer saman) samt opphald og ei overnatting. Ekstra overnatting og køyring med fleire bilar enn nødvendig må verksemda dekke sjølv.

Antall: Vi har satt eit tak på 200 deltakarar. Vi inviterer inntil åtte personar frå kvar verksemd (fem tillitsvalte (en frå hver hovedsammenslutning) og tre arbeidsgivarrepresentantar), det er opna for at dei største verksemdene/etatane kan delta med fleire deltakarar slik som tidlegare år.

Vi oppfordrar til at ein av tillitsvaltstrepresentantane er frå vernetenesta.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 22.12.2022. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmeldinga rettast til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon