Regional plan- og klimakonferanse

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til regional plan- og klimakonferanse 24. - 25. oktober.

Klimaomstilling handlar i stor grad om planlegging, både for å utvikle byar og tattstadar i ønska retning, og for å ta vare på naturen. I klimaarbeidet står samhandling heilt sentralt. I år slår vi derfor saman Regional plankonferanse og klimakonferansen til ei felles fagsamling over to dagar.

Dag 1 vil vere retta mot dei som arbeider med plan- og byggesaker i kommunane. Her er berekraft vere ein raud tråd gjennom heile dagen. 

Det blir moglegheit til å delta på felles middag på kvelden kl. 19:00 (Må hukast av i påmeldingsskjema)

Dag 2 er retta mot dei som arbeider med plan- og byggesaker og alle nivå og segment innan kommunal forvaltning. Her vil den raude tråden vere klima- og naturkrisa sett i samanheng. 

Program for begge dagane ligg til høgre på denne sida. Med forbehald om endringar.

Hald av dagane, eller meld deg på allereie no!

Økonomi: Deltakarane betaler for reise og opphald. Ved manglande oppmøte vil arbeidsgivar bli fakturert for opphaldsutgiftane.

Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 20.09.2022. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til sfmrkurs@statsforvalteren.no

Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Kontaktpersonar

Sveinung Parr Dimmen
71 25 84 20
fmmrsvdi@statsforvalteren.no

Frida Farstad Brevik
71 25 84 51
fmmrfrje@statsforvalteren.no

 

Registreringsskjema

Verksemd / Virksomhet
 *
Eining / Enhet
 *
Stilling
 *
Fornamn
 *
Etternamn
 *
E-postadresse
 *
Mobil
 *
Deltaking
 *
Annet / Allergi / Behov
Merknad
Kampanjekode
 
Betalingsmetode
 *