Overgangen frå Leve heile livet til Bu trygt heime

Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet inviterer til konferanse om Leve heile livet og Bu trygt heime, på Scandic Alexandra hotell i Molde. 

Her får vi høyre om arbeidet med Leve heile livet og overgangen til Bu trygt heime. Helse- og omsorgsdepartementet og KS vil ta oss med på denne reisa. Du får også døme og erfaringar frå det gode arbeidet som er gjort ute i kommunane. 

Vi vil ha eit innlegg til motivasjon og refleksjon om tryggleik, fridom og meistring. Til slutt blir det ein paneldebatt med nokon av førelesarane. 

Programmet finn du i høgremargen.  

Målgruppe: Konferansen kan inspirere tilsette og leiarar i kommunar og fylkeskommunen, politikarar, eldreråd, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak og næringslivet og andre interesserte.

Økonomi: Dagpakke betales selv.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 05.11.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.  

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt. 

Betaling: Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura/EHF. Betalingsinformasjon fyllast ut på side 2 i påmeldingsskjema. 

 

Registreringsskjema