Opplæring i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 og 4A

Tema: Pasienten sin rett til å samtykke til helsehjelp og vilkår for å yte somatisk helsehjelp sjølv om pasienten motset seg hjelpa.

Aktuelt regelverk: Pasient- og brukarrettslova kapittel 4 og 4A

Stad:  

  • Ålesund Quality hotel Waterfront (1. november)
  • Molde, Scandic Alexandra Hotel (3. november)

Målgruppe: Tilsette i helse- og omsorgstenesta som jobbar direkte med pasientar, tilsette som har ei rolle som overordna fagleg ansvarleg etter pasient- og brukarrettslova kapittel 4A, tilsette som skriv vedtak med heimel i pasient- og brukarrettslova kapittel 4A, samt tilsette som har opplæringsansvar for andre.

Kapasitet: Vi gjer merksam på at det er maks 70 personar på kvart kurs. Kursa kan bli fullteikna før påmeldingsfristen er gått ut og vi oppmodar difor å melde dykk på så snart som mogleg.

Økonomi: Deltakar må dekke kostnad for reise og dagpakke. Ingen kursavgift.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 14.10.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon