Nettverkssamling for samfunnsplanleggarar

Statsforvaltaren og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til nettverkssamling for samfunnsplanleggarar i kommunane, på Scandic Parken hotell i Ålesund.

Vi startar samlinga med ein felles middag saman med deltakarar på økonomisjefsamling den 25. oktober.

Første del av nettverkssamlinga er satt opp som ei felles økt saman med økonomisjefane, der temaet er koplinga mellom samfunnsplan og økonomiplan. Vi håpar på gode diskusjonar og erfaringsutveksling. Ta gjerne ein prat internt på førehand.

Programmet finn du til høgre i margen. Det kan bli mindre justeringar i programmet.

Målgruppe: Samfunnsplanleggarar og andre som jobbar med samfunnsplanlegging.

Økonomi: Deltaking betalast sjølv.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 04.10.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11. 

Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse. 

Betaling:Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura/EHF. Betalingsinformasjon fyllast ut på side 2 i påmeldingsskjema. 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon