Nasjonale føringar for utvikling av tenester innan rus- og psykisk helsetenestene
Statsforvaltaren, i samarbeid med Kompetansesenter for rusfeltet (KoRus) og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helse (NAPHA) inviterer til eit fagwebinar der vi vil presentere føringar for 2023 og kva ressursar kommunane kan nytte i sitt arbeid.
Forventningsbrevet frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er no sendt ut. Der står det mellom anna: Vi forventar at kommunane • styrkar sitt arbeid innan psykisk helse, både førebyggande og behandlande tiltak • arbeider med å etablere ruseiningar i kommunane.
Vi håper samlinga kan støtte opp under arbeidet med å utvikle dei kommunale rus- og psykisk helsetenestene.
Invitasjonsbrevet finn du i høgremenyen. I webinaret vil det bli anledning til å stille spørsmål i chatten.
Oppkobling: Du vil motta lenke på e-post dagen før webinaret startar
Påmelding: Det er elektronisk påmelding innan 20.02.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.