Møte om eksamen i grunnskolen 2024
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til informasjonsmøte om eksamen våren 2024.
Møtet blir gjennomført digitalt i Teams. På møtet vil vi ha ein generell gjennomgang av nytt på feltet, samt sentrale fristar og funksjonar i PAS-eksamen.
Program:
- Tilbakeblikk på gjennomføringa 2023 - eksamen og klage på standpunkt
- Informasjon om sentralt gitt eksamen og vurdering – våren 2024
- PAS-eksamen og PGS/nytt gjennomføringssystem for skoleeigar og skoleadministrator
Tid: 13. februar 2024 kl. 13:00-15:00
Målgruppe: Hovedfokus er oppgåvene til skoleeigar, som har ansvar for å følge opp skolane i heile eksamensperioden. Dette gjeld og for private skolar og vaksenopplæringssentra. Møtet er også relevant for rektorar/ansvarlege for eksamen på offentlege og private skolar, samt vaksenopplæringa. Vi ber om at skoleeigar held av tidspunktet og gjer ei vurdering av korleis de ønsker å involvere rektorar / eksamensansvarlege på skolenivå.
Påmelding: Det er elektronisk påmelding innan 11.02.2024. Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til [email protected] eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 85 11.
Du vil motta ei lenke til møtet dagen før.
Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.