Matgledewebinar

Matgledekorpset er finansiert gjennom prosjektmidlar frå Landbruks- og Matdepartementet og dei jobbar med å skape meir mat og måltidsglede hos eldre. Mindre matsvinn, god helse, brukarinvolvering og bruk av lokale/regionale råvarer i sesong er også viktig i arbeidet.

Matgledekorpset i Møre og Romsdal inviterer til Matgledewebinar, vil du og dine kollegaer vere med?

Målgruppe: Leiarar og tilsette i helsetjenesta i kommunane. Tilsette på kjøkken og i avdeling.

Økonomi: Gratis.

Alle påmeldte vil få tilsendt opptak av webinaret i etterkant med mulighet for å se det i en begrensa periode.

Program 

Post 1 

Nærheit mellom kjøkken og avdeling: «kva fremmer og kva hemmer godt samarbeid mellom kjøkken og avdelingane» ved Greta Irene Hanset og Merete Bolstad.

Greta og Merethe har til saman over 50 års erfaring frå institusjon, både i avdeling og på kjøkken. Merethe er i dag leiar av kjøkkenavdelinga ved Rauma Helsehus. Greta er tilsett i Helse og sosialavdelinga hjå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Post 2

Matglede og god ernæringspraksis ved Anna Øien Sønslien. Anna er utdanna ernæringsfysiolog. Ho jobbar i Hustadvika kommune med ei brei målgruppe; frå born og ungdom til eldre i institusjon.

Post 3

Olav og Stian driv fleire serveringsstader i Kristiansund og er vante med å ha fokus på å spreie matglede. Begge har erfaring frå både restaurant og institusjon og stiller med godt humør og praktiske tips.

Kven veit kva desse to finn på? Olav er utdanna institusjonskokk og Stian er økonom og sjølverklært «matvrak».

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 10.12.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.  

Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse.  

Oppkobling: Lenke til webinaret blir sendt ut dagen før.


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon