Matgledekonferansen 2022
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ved Landbruksavdelinga og Helse og sosialavdelinga, i samarbeid med det regionale støtteapparatet for «Leve hele livet», arrangerer Matgledekonferanse den 15.november på Scandic Alexandra Molde kl. 09.30 – 15.30.
Målet med konferansen er å gi inspirasjon, tips og råd om korleis ein kan skape hyggelege måltids- og gode smaksopplevingar hos eldre. Dette vil mellom anna skje ved erfaringsdeling frå institusjonane som har hatt besøk av Matgledekorpset,
Konferansen inngår også som ein del av det regionale støtteapparatet sitt arbeid med «Leve hele livet». Helsedirektoratet deltek, og vil ha spesielt fokus på mat og måltid.
Anna Sønslien, ernæringsfysiolog i Matgledekorpset, vil snakke om god ernæringspraksis. Merethe Bolstad er kokk og vil fortelje om utfordringar og moglegheiter i samarbeidet mellom kjøkken og avdelingane.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 08.11.2022. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmeldinga rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.