Fagsamling for barnehage- og skolesektoren

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Oppvekst- og utdanningsavdelinga, inviterer til fagsamling for barnehage- og skolesektoren 28.-29.11.23.

Dag 1: Fylkessamling for lokal kompetanseutvikling i barnehage og skole

Korleis fungerer arbeidet med kompetanseordningane i barnehage, grunnskole og vidaregåande opplæring?
Det bil bli innlegg frå praksisfeltet - refleksjon og erfaringsdeling i grupper.

Dag 2: Barn sine rettar – eit møte mellom pedagogikk og juss

Denne dagen vil vi ha fleire perspektiv på kvifor forvaltningsrett er så viktig for barn sine rettar.
Vi vil sjå på spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning, betydninga av barnekonvensjonen, vald i nære relasjonar, med meir..

Etter lunsj legg vi opp til parallelle sesjonar for barnehage og skole.

Meir detaljert program kjem.

Målgruppe

  • Alle medlemmar i samarbeidsforuma i fylket
  • Barnehagemyndigheit og skulefagleg ansvarleg i kommunane/fylkeskommunen
  • Barnehage- og skuleeigar
  • PP-leiarar
  • Universitet og høgskule

Økonomi
Deltakar dekker reise, opphald og eventuelt middag.
Statsforvaltaren dekker utgifter til dagpakkar.

Felles middag
Det blir servert felles middag tysdag 28.11 kl. 1900, for alle som velger deltaking inkl. middag i skjema.

Påmelding
Det er elektronisk bindande påmelding innan 08.11.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11. 

Stadfesting
Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt og riktig e-postadresse. 

Betaling
Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura/EHF. Betalingsinformasjon fyllast ut på side 2 i påmeldingsskjema.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon