Landbrukskonferansen
Landbrukets rolle i totalberedskapen
Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Her møtest bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk. I år har vi særleg fokus på viktigheita av landbruket for beredskap og mattryggleik.
Dagen blir leia av Kristin Sørheim. Ho er veterinær og forskar ved NORSØK.
Pris: kr. 500,- pr. pers. inkl. lunsj og forfriskningar. Dette blir fakturert i etterkant av konferansen
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 27.02.24. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.