Landbrukskonferansen 2023
MØRE OG ROMSDAL SI ROLLE I AUKA NORSK SJØLVFORSYNING
Landbrukskonferansen er eit samarbeid mellom begge faglaga og Statsforvaltaren. Her møtest bønder, rådgjevarar, forvaltning, politikarar og andre som har eit varmt hjarte for norsk landbruk. Denne gongen har vi særleg fokus på berekraft, beredskap og utnytting av dei ressursane vi faktisk har. Øystein Syrstad vil leie dagen og debatten.
Øystein Syrstad har lang erfaring som debattleiar og konferansier. Han har 15 års fartstid i NRK som programleiar og reporter i både radio og fjernsyn. Landbruket kjenner han gjennom arbeid med kommunikasjon i TINE. No er han aktiv pensjonist, busett i Skaun i Trøndelag.
Pris: kr. 500,- pr. pers. inkl. lunsj og forfriskningar. Dette blir fakturert i etterkant av konferansen
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 23.02.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.
