Kursleiarkurs i SNAKKE

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og RVTS Midt tilbyr kursleiarkurs i SNAKKE for alle som jobbar med barn og unge i Møre og Romsdal.

Vi anbefaler at du på forhånd leser artkkelen «hvem er jeg i møte med barn og hvem vil jeg være, lenke her: Snakke med barn

Gjør deg gjerne kjent med siden Snakke med barn og opprett en bruker om du ikke allered har det.

Mange barn og ungdom blir utsett for vald eller seksuelle overgrep i løpet av oppveksten. SNAKKE er eit av dei valdsforebyggande verktøya som blir anbefalt i den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar «Frihet fra vold».

SNAKKE er ein digital øvingsplattform, kor du øva på å snakke med barn og unge som du er bekymra for om vald, overgrep og omsorgssvikt.

Målet med verktøyet er at dei som jobbar med barn og unge skal bli tryggare på å snakke med barn om opplevingane deira, og å oppdage vald og overgrep tidlegare. Samtidig skal barn og unge få opplæring som er tilpassa alderen deira om vald og overgrep, og vite kva som er rett og galt. Dette er viktig førebygging.

RVTS Midt vil med dette kursleiarkurset lære opp ressurspersonar i kommunen og andre instansar, som igjen skal formidle bruken av verktøyet vidare i eigen organisasjon. Verktøyet er gratis å bruke.

Stad: Scandic Alexandra i Molde 7. og 8. november.

Tid: Måndag 7. november kl. 10.00- til 15.00 - Tysdag 8. november kl. 09.00-14.00

Økonomi: Det er gratis å delta. Statsforvaltaren dekker overnatting frå måndag til tysdag for dei som treng det.

Det kan bli mogleg å søke om midlar til implementering av verktøyet. Det blir også tilbod om å delta i nettverk med andre kursleiarar i etterkant.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 14.10.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til [email protected] eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Kontaktpersonar:

Siri Leraand, [email protected]

Rita Småvik, [email protected]

Gunn Risan Nakken, [email protected]

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon