Kurs i praktisk stibygging
Varig vedlikehald av stiar i ei verd av vatn
Folgefonna nasjonalparkstyre har fått midlar til å restaurere ein sti knytt til nasjonalparken og vil bruke pengane til å styrke kompetansen på stibygging rundt Folgefonna. Kurshaldar vert Rune Holen som arbeider i Statens naturoppsyn og har arbeidd med sti og tilrettelegging i ei årrekke.
Målgrupper
- Organisasjonar som arbeider med friluftsliv og stiar
- Lokale entreprenørar/anleggsgartnarar og andre som kan ta på seg oppdrag i vedlikehald og opparbeiding av stiar
- Offentlege tilsette som arbeider med stiar
Innhald
- Synfaring og vurdering av naudsynte tiltak
- Prosjektering av eit stiprosjekt
- Gjennomgang av ulike teknikkar i stibygging
- Spalta grussti
- Steinlegging
- Klopplegging
- Bygge ein grøft som held seg
- Drift og vedlikehald
- Søknader og finansiering av stiprosjekt
Program
- Torsdag kl 12-19
- Fredag kl 9-17
- Laurdag kl 9-13
Deltaking er gratis. Alle måltid vert dekka på Rosendal Fjordhotel. Det er midlar til å dekke overnatting til nokon av gjestene om det er behov for det. Dei med lengst reiseveg vert prioritert.