Kurs i offentleg helsearbeid

Stad: Scandic Alexandra, Molde

Tidspunkt: 28. - 29. mars 2023

Kurset startar kl. 10:00, og vi ber dykk være ute i god tid. Registrering av frammøte startar kl. 09:30. 

Læringsmål dag 1

Klagesaker, forsvarlegheit, teieplikt og meldeplikt, samtykke til helsehjelp.

Læringsmål dag 2

Trygdemedisin (sjukemeldingspraksis, uførestønad mm) og dokumentasjonsplikt, journalføring og overbehandling, førerkortforskriften og attestar og om psykisk helsevernloven.

Registrering første kursdag er frå klokka 9.30. På begge kursdagar er lunsj inkludert. Kurset er gratis for deltakarane og Statsforvaltaren dekker ein overnatting, frå 28.-29. mars for dei som bor meir enn ein times reise frå hotellet. Statsforvaltaren har reservert rom på hotellet. Påmelding gjerast ved å krysse på elektronisk påmeldingsskjema. Statsforvaltaren dekker også middag for alle deltakarane tysdag kveld, på Scandic Alexandra hotell. Kryss av for middag på påmeldinga om du deltar med dagpakkar, deltaking med overnatting har inkludert middag.

LIS1-leger og turnuskandidatane må sjølv søkje sine respektive kommunar om permisjon med løn. Vi viser i denne samanheng til følgjande regelverk:

Leger - Særavtale mellom Den norske Legeforening og Kommunenes sentralforbund, SFS 2305, §12.6    (gyldig til 31.12.21, men den er ikkje oppdatert så difor er denne framleis gjeldande)

Refusjon reise og overnatting: Sjå vedlegg i høgremargen med informasjon om refusjon, reise og overnatting

Økonomi: Kurset er gratis. LIS1 med reisevei mindre enn 1 time, får ikke overnatting, men kan delta på middag første kursdag. Vi dekker reiseutgiftene til deltakerne.

Deltaking:

  • LIS1 m/reiseveg over 1 time: Du kan delta begge dagane inkludert lunsj, middag, overnatting og frokost.
  • LIS1 m/reiseveg under 1 time: Du kan delta begge dagane med dagpakke inkludert lunsj.
  • Alle kan i tillegg delta på felles middag, kvelden tirsdag 28. mars

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 19.03.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon