Korleis komme i gong med Housing First-arbeid i eigen kommune?

Webinaret er eit tilbod til kommunar som ønskjer å starte opp arbeid etter Housing First-metoden, og ønskjer konkrete råd og tips.

Webinaret er ope for alle. 

Vi startar med ei oppsummering av Housing First-konferansen som vi arrangerte i Oslo i september. Housing First er ein metode innan bustadsosialt arbeid, for bustad og tenester til personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse.


Tema: 

Forankring, prosjektplan og økonomi

Korleis setje saman teamet?

Roller og ansvar

Kor viktig er fidelity?

Korleis skaffe bustadar?

Brukarstyrte val


Det vert tid for spørsmål


Webinaret går føre seg på Teams 29. november frå 0930 til 1100. Det blir sendt ut møteinnkalling i kalendaren til dei påmeldte, med lenke til Teams-møtet.


Arrangørar: Statsforvaltaren i Vestland, Rogaland og Nordland, Husbanken, NAPHA og Kinn kommune

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon