Klimasnukonferansen 2023

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statsforvaltaren inviterer til årets konferanse om klimaomstilling. Konferansen bygger vidare på tidlegare samlingar og har som mål å bringe fylket eit steg nærare å løyse natur- og klimakrisa i vår region.

Vi er midt i ei naturkrise og i ei klimakrise. Desse heng tett saman, og dei forsterkar kvarandre. Fortsett utviklinga som no, vil det få alvorlege konsekvensar både globalt og lokalt. Tiltak for å redusere utslepp og tap av natur må derfor sjåast i samanheng og gjennomførast samtidig. Og det må skje raskt. Samtidig må vi kjenne til og tilpasse oss konsekvensane av eit endra klima.

Kvifor delta på Klimasnukonferansen?

Dette er den viktigaste arenaen for å oppdatere seg og samarbeide på tvers av kommunegrensene innan natur og klima. I tillegg til eit godt fagleg program, vil det bli gruppearbeid. Konferansen legg opp til gode diskusjonar og refleksjonar om korleis vi skal kome vidare med klimaarbeidet i Møre og Romsdal.

Sjå konferansen i opptak

Dag 1: https://vimeo.com/886707503

Dag 2: https://vimeo.com/886656230

Program

Programmet finn dykk til høgre på denne sida.

Hovudtema for konferansen er:

  • Natur- og klimakrisa sett i samanheng
  • Eksempel på løysingar 
  • Klimatilpassing og naturbaserte løysingar
  • Energiomstilling
  • Areal, natur og klima
  • Samfunnsplanlegging

Målgruppe

Klima- og miljørådgivarar, planleggarar, tilsette med ansvar for kommunen si økonomiplan, medarbeidarar som jobbar med utvikling og oppfølging, fagrådgivarar, mellomleiarar og kommunalsjefar med ansvar for klimaarbeidet. Konferansen er også open for tilsette i stat og det private som arbeider med klimaomstilling. 

Vi oppfordrar også lokalpolitikarar til å melde seg på!

Buss

FRAM Ekspress-linjene er ein enkel og trygg måte å komme seg fram på i Møre og Romsdal
FRAM Ekspress linje 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund (den tidlegare TIMEkspressen)
FRAM Ekspress linje 681 Ålesund-Åndalsnes (togbuss)
FRAM Ekspress Trondheim - Ålesund

Sjekk rutetidene i reiseplanleggaren på nett, via FRAM-appen, eller ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 31.10.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Betaling: Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura. Betalingsinformasjon fyllast ut på side 2 i påmeldingsskjema.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon