Inn på tunet - fagdag
Som del av eit nasjonalt Inn på tunet-løft, vart Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tildelt eit av fire pilotprosjekt av Landbruksdirektoratet hausten 2020.
Vår pilot er retta mot mogelege innkjøpararar av Inn på tunet-tenester i den vidaregåande skulen.
Som del av prosjektet arrangerer vi ein fagdag for IPT-tilbydarane i Møre og Romsdal. Meir informasjon om Inn på tunet-løftet finnast her: https://www.innpatunetloftet.no/nn/vidaregaande-skule/
Frå programmet kan nemnast:
- Barnevernreformen/oppvekstreformen - kan IPT ha ei rolle her? v/Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Mogelegheitene for bruk av IPT som alternativ opplæringsarena – presentasjon av kartlegging i Møre og Romsdal v/Oxford Research
- Korleis forstå det offentlege som innkjøpar? v/Møre og Romsdal Fylkeskommune
- Kva skal til for å verte godkjent som lærebedrift? v/Møre og Romsdal Fylkeskommune
- Korleis gjere det lett for kjøpar av IPT-tenester? Slik gjer vi det! v/Line Stølan, Stall Stølan på Tingvoll og Veronica Reinås, Eikra gard på Stjørdal
- Kva må til for auka bruk av IPT i vidaregåande opplæring? v/Henrik Stensønes, leiar i kultur-, næring- og folkehelseutvalet og rådgjevar Kristiansund vg skule
- Kva kan IPT-næringa gjere for å verte attraktive i vidaregåande opplæring? Gruppearbeid
Endeleg program vert lagt ut så snart det er klart.
Økonomi: Gratis. Andre interesserte er også velkomne til å delta gratis.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 11. oktober 2022. Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.