Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming

Statsforvaltaren i samarbeid med NAKU - nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming, inviterer til eit webinar som bygger på nasjonal rettleiar fra 2021: "Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming." 

Det blir ein gjennomgang av hovudpunkt i rettleiaren.
Det overordna målet med rettleiaren er å bidra til at personar som har ei utviklingshemming og deira familiar får leve gode liv i tråd med eigne føresetnadar, ønsker og behov. 
Formålet er å bidra til kunnskapsbasert praksis, riktige prioriteringar, god samhandling og redusert uønska variasjon i kommunane. 
"FN-konvensjonen om rettighetene til mennesker med nedsatt funksjonsevne (CRPD)" er eit av tema i webinaret som utgjer eit viktig grunnlag for rettleiaren.

Økonomi: gratis.

Målgruppe: Tilsette som jobber med utviklingshemming, overordna fagleg ansvarleg, forvaltnings/tildelingseining som fatter vedtak, brukarorganisasjoner og andre med interesse for temaet. 

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 21.11.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til [email protected] eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon