Fosterheimskonferanse for barnevernstenestene i Møre og Romsdal
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal og Bufetat ved fosterheimstenestene i Møre og Romsdal inviterer til fosterheimskonferanse 31. oktober og 1. november 2023 i Ålesund.
Konferansen er for tilsette i barnevernstenestene i Møre og Romsdal som jobbar med oppfølging av fosterbarn og fosterheimar.
Programmet er under utarbeiding, men tema i konferansen vil være:
- Sentrale føringar for fosterheimsarbeidet
- Ny kunnskap og forsking på fosterheimsfeltet
Bufdir kjem og vil blant anna fortelje om fosterheimsstrategien, kunnskapsbaserte retningslinjer og utfordringsbiletet på fosterheimsområdet. Vi får besøk frå Barneombodet som vil presentere sin nye rapport om barn i fosterheim «Blod er ikke alltid tykkere enn vann» og Norsk fosterhjemsforening vil presentere sin rapport om Fosterhjemsundersøkelsen 2023. RKBU Nord oppdatera oss om si forsking om fosterheim i slekt og nettverk, og vi skal få høyre om korleis Øygarden og Alver kommunar har utvikla eit godt samarbeid med Bufetat om fosterheimsarbeid. Endeleg program vil kome så snart vi har fått bekrefta alle foredragshaldarane.
Meld deg på til ei god samling med fagleg påfyll og inspirasjon for dykk som jobbar med fosterheimsarbeidet i fylket vårt.
Økonomi: Konferansen er gratis, men det er bindande påmelding innan 25. september 2023. Dersom plassen ikkje vert nytta, blir tenesta belasta for opphaldet. Vi dekker ikkje overnatting kvelden før.
Ved større påmelding enn tilgjengelige plassar, vil vi fordele plassar ut frå størrelse på tenestene.
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 25.09.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.