Forsterka sensorskulering i faga norsk, engelsk og matematikk i sensurregion Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kallar med dette inn til sensorskolering på Scandic Hotel Alexandra i Molde 5. juni 2023.

Det blir parallelle skoleringar i faga matematikk, norsk og engelsk. Oppmannsgruppene som har vore på førehandssensur i regi av Utdanningsdirektoratet/fagnemnd, vil stå for den faglege gjennomføringa av skoleringa.

Målgruppe: Oppnemnde sensorar i engelsk, norsk og matematikk for skriftleg eksamen i grunnskulen i 2023
Tema: Eksamen 2023. Drøfting av årets elevsvar. For program, sjå høgre marg.

Økonomi: Skoleringa og reiseutgifter dekkjast av Statsforvaltaren. Vi ber om at de om mogleg samkøyrer eller nyttar kolletivtransport. Skulen/kommunen må dekkje vikarutgifter.

Dersom du har meir enn tre timar reisetid til Molde, kan du etter særskild avtale med oss få overnatting frå 4. juni.

Spørsmål om sensorskuleringa kan rettast til:
Seniorrådgivar Annhild Lorentzen: e-post [email protected] tlf.: 71 25 85 96
Rådgivar Tone Malme: [email protected] tlf.: 71 25 85 66.


Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 07.mai 2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon