FØRST OG FREMST! Barn sine rettar - eit verktøy for tidleg innsats!

FØRST OG FREMST!

Barn sine rettar - eit verktøy for tidleg innsats!

  • Kvifor treng vi barnekonvensjonen i Noreg idag?
  • Korleis kan du bruke barnekonvensjonen for å gjere det som er best for barn og unge?
  • Kva med medverknad frå barn og unge sjølv?

Statsforvaltaren si nasjonale arbeidsgruppe for barnekonvensjonen i praksis (tidlegare Sjumilssteget) inviterer til webinar for å feire barnekonvensjonen og vise korleis du kan bruke den i din kvardag.

Du får høyre innlegg frå Barneombod Inga Bejer Engh, landsleiar i Mental Helse Ungdom Martine Antonsen og leiar for Ungdommens Fylkesutval i Trøndelag Vegard Sem. I tillegg vil vi presentere gode døme på bruk av barnekonvensjonen i praksis frå heile landet.

Målgruppa for webinaret er alle som jobbar med noko som angår barn og unge, direkte eller indirekte, hos Statsforvaltaren, i kommunane, fylkeskommunane og andre organisasjonar og institusjonar.

Det er gratis å bli med. Du vil få tilsendt lenke til webinaret i forkant. 

N.B. Det vil bli gjort eit opptak av seminaret som alle deltakarar vil få tilsendt i etterkant.


Påmeldingsfrist: 29.november 2022.

 

PAY ONLINE

1 Please select tickets and enter main contact details