Fellessensur grunnskolen 2024

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal kallar med dette inn senorar i grunnskolefaga norsk, engelsk og matematikk til fellessensur

Fellessensuren for sentralt gitt eksamen i norsk (NOR0218 og NOR0219), engelsk (ENG0030) og matematikk (MAT0015) vert arrangert den 18. juni 2024 på Scandic Alexandra Hotel i Molde.

Det er pliktig oppmøte for alle sensorar på fellessensuren og alle melde seg på i skjemaet under. Oppmannsgruppene møter dagen før.

Spørsmål som gjeld fellessensuren kan rettast til kontaktperson i høgremargen.

Økonomi: Kurs og opphald (dagpakke) er gratis. Skolen/kommunen må dekkje vikarutgifter. Vi oppfordrar til samkøyring eller bruk av kollektivtransport så langt råd er. Sjå innkalling på e-post om føring av reiserekning.

Overnatting: Vi startar fellessensuren klokka 09:00 den 18. juni. Vi har difor sett av ein del rom med frokost frå den 17.-18. juni på Alexandra for sensorar som ikkje bur nær Molde. Vi reknar med at sensorar som kjem dagen før, kjem til ulike tider utover kvelden, og vi har difor ikkje inkludert middag den 17. Kryss av i skjema dersom du ønsker overnatting frå 17.-18. juni.

Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon