Fellessensur grunnskolen 2023

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har ansvar for sensur til sentralt gitt eksamen i grunnskolefaga norsk, engelsk og matematikk.

Fellessensuren for faga norsk (NOR0218 og NOR0219), engelsk (ENG0030) og matematikk (MAT0015) vert arrangert den 20. juni 2023 på Scandic Alexandra Hotel i Molde.

Det er pliktig oppmøte på fellessensuren og alle sensorar melde seg på i skjemaet under. Oppmannsgruppene møter dagen før.

Spørsmål om fellessensuren kan rettast til kontaktpersonane i høgremargen.

Økonomi: Kurs og opphald (dagpakke) er gratis. Skulen/kommunen må dekkje vikarutgifter. Vi oppfordrar til samkøyring så langt råd er. Sjå innkalling på e-post for føring av reiserekning.

Overnatting: Vi startar fellessensuren klokka 09:00 den 20. juni og har difor sett av ein heil del rom med frokost frå den 19.-20. juni på Alexandra for oppmannsgruppene og for sensorar. Vi reknar med at sensorar som kjem dagen før, kjem til ulike tider utover kvelden, og vi har difor ikkje inkludert middag den 19. Kryss av i skjema dersom du ønsker overnatting frå 19.-20. juni.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 31. mai 2023 Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon