Fagsamling for barnehage, skule og barnevern
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, avdeling Oppvekst- og utdanning ønsker å invitere leiarar innan barnevern, skule- og barnehagesektor i fylket til ei felles samling. Vi treffer dei same barna og familiane i arbeidskvardagen vår, og treng å kjenne kvarandre og å samarbeide når det er behov.
Formål med samlinga er å skape ein møteplass der vi kan ta opp nokre aktuelle tema som gjeld dei mest sårbare barna. I tillegg til foredrag, vil det bli lagt opp til litt erfaringsdeling og refleksjon i grupper.
Målgruppe: Kommunalsjef, skule- og barnehageeigarar, skule- og barnehagefagleg ansvarlege i kommunane, PPT-leiarar og barnevernsleiarar
Tema i samlinga vil bli:
• Tverrprofesjonelt samarbeid i praksis, med fokus på leiing, kjerneroller og kommunikasjon
• Kunnskap om utviklingspsykologi og kva tilknyting og tryggleik betyr for dei sårbare barna
• Dei juridiske rammene for meldeplikt, teieplikt og opplysningsplikt, samt krava om medverknad og vurdering av barnet sitt beste
Felles middag: Det vert servert felles middag på kvelden 31. mai kl: 19:00 for alle med heilpensjon og som kryssar av for middag i skjema.
Foredragshaldarar:
 |
| Atle Ødegård er psykologspesialist i Helse Møre og Romsdal HF (Avdeling for Spesialisert habilitering) og professor ved Høgskolen i Molde. Forskingsinteressene hans er tverrprofesjonelt samarbeid i praksis og utdanning, samt utvikling av ny forskingsmetodikk innanfor desse felta. Han er også knytt til Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund. Ødegård har skrive fleire bøker om tverrprofesjonelt samarbeid, den profesjonelle hjelperrolla og innovasjon. |
 |
| Marie Durdei Midtsund har brei erfaring frå møte med både barn og vaksne i spesialisthelsetenesta og utanfor. Dei siste åra har ho jobba både i kommunehelsetenesta i Aukra kommune med førebyggande arbeid for barn og unge, og i sin eigen private praksis i Molde. Ho kombinerer både undervisning, rettleiing og klinisk praksis. Marie har i lang tid undervist vaksne som jobbar med barn, i forståing av barns utvikling, og om barns behov for tryggleik for å kunne lære og utvikle seg. Ho brenn spesielt for dei som ikkje alltid vekker den umiddelbare gode kjensla i mange, det vere seg barn med valdsproblematikk eller tenåringar under ombygging. Ho er som foredragshaldar knytt til Tilknytningspsykologene (sjå www.tilknytningspyskologene.no) som har laga eit større undervisningsmateriale for skule og barnehage i å sjå barnet sitt utviklingsbehov. |
 |
| Elizabeth Langsrud er jurist (cand.jur. UiO) og har ein interdisiplinær doktorgrad (rettssosiologi/sosiologi) frå ph.d.-programmet Barn og unges deltakelse og kompetanseutvikling (Høgskolen i Innlandet). Forskingsinteressene hennar er særleg retta mot rettssosiologiske tema som tilhøvet mellom rett og makt, rettsleggjering og ikkje-juristar som rettsbrukarar. Elizabeth har fagansvar og underviser i juss på bachelorutdanningane ved NTNU i sosialt arbeid og barnevern, samt på masterutdanninga i barnevernsarbeid. Ho er, i tillegg til jurist, utdanna sosionom og har også ein mastergrad i sosialt arbeid.
|
Påmelding: Det er elektronisk bindande påmelding innan 15.05.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida. Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt.
Betaling: Vi støttar betaling med VIPPS, bankkort og faktura. Betalingsinformasjon fyllast ut på side 2 i påmeldingsskjema.