Fagdag om sjølvmordsførebygging i Ulsteinvik

Som ein del av prosjektet «Folkeopplysningskampanje om førebygging av sjølvmord i Region Midt» vil Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, i samarbeid med Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-midt), og Møre og Romsdal fylkeskommune tilby fire like fagdagar kor vi set sjølvmordsførebygging på agendaen.

Om lag 600 menneske tek livet sitt i årleg og i 2021 var det 658 sjølvmord i Noreg. Mange fleire er ramma av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Det påverkar familiar, venner, kollegaer og samfunnet. Sjølvmord er ei samfunnsutfordring som kan førebyggast, og sjølvmordsførebyggande tiltak nyttar. Det er viktig å førebygge både på individ- og samfunnsnivå. Sjølvmordsførebygging er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Klarar vi å skape gode samfunn med gode levekår for alle, og moglegheiter for å skape gode relasjonar, førebygger vi også sjølvmord.

Det vil bli arrangert fire like fagdagar på fire ulike plassar i fylket: 

- Molde: 09. november kl 10.00-15.00, stad: Scandic Seilet Hotell
- Kristiansund 10. november kl 10.00-15.00, stad: Thon Hotell Kristiansund
- Ålesund: 30. november kl. 10.00-15.00, stad: Scandic Parken Hotell
- Ulsteinvik: 31. januar 2023 kl. 10.00-15.00, stad: Thon Hotell Ulstein

Agenda for fagdagane vil vere følgjande: 

- Fakta, førekomst og styrande dokument
- Fenomenforståing: Ulike perspektiv for korleis suicidalitet kan verte forstått, biomedisinsk, psykologisk, eksistensiell, relasjonell/kommunikativ, kontekstuell/sosiokulturell
- Sjølvmordsførebygging i eit folkehelseperspektiv
- Handlingsplanarbeid
- Lunsj
- Tilnærming til personar som kan vere i sjølvmordsfare
- Rettleiande materiell
- Etterlatne og pårørande
- Sorg og komplisert sorg.

Målgruppe: 

Kommunalt tilsette som jobbar med folkehelse, skule, helse, sosial og omsorgssektoren, frivillige lag og organisasjonar, idrettslag, kulturorganisasjonar og brukarorganisasjonar og andre offentlege tilsette og/eller interesserte.

Arrangør: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-midt) og Møre og Romsdal fylkeskommune

Økonomi: Samlinga er gratis, lunsj vert servert. Avgrensa med plassar, så her er det først til mølla.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 10.01.2023.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du kanskje ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.


 

Registreringsskjema

Verksemd / Virksomhet
 *
Eining / Enhet
 *
Stilling
 *
Fornamn / Fornavn
 *
Etternamn / Etternavn
 *
E-postadresse
 *
Mobil
 *
Klasse/kategori
 *
Annet / Allergi / Behov
 *