Fagdag om sjølvmordsførebygging i Molde

Som ein del av prosjektet «Folkeopplysningskampanje om førebygging av sjølvmord i Region Midt» vil Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, i samarbeid med Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-midt), og Møre og Romsdal fylkeskommune tilby fire like fagdagar kor vi set sjølvmordsførebygging på agendaen.

Om lag 600 menneske tek livet sitt i årleg og i 2021 var det 658 sjølvmord i Noreg. Mange fleire er ramma av sjølvmord og sjølvmordsforsøk. Det påverkar familiar, venner, kollegaer og samfunnet. Sjølvmord er ei samfunnsutfordring som kan førebyggast, og sjølvmordsførebyggande tiltak nyttar. Det er viktig å førebygge både på individ- og samfunnsnivå. Sjølvmordsførebygging er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Klarar vi å skape gode samfunn med gode levekår for alle, og moglegheiter for å skape gode relasjonar, førebygger vi også sjølvmord.

Det vil bli arrangert fire like fagdagar på fire ulike plassar i fylket: 

- Molde: 09. november kl 10.00-15.00, stad: Scandic Seilet Hotell
- Kristiansund 10. november kl 10.00-15.00, stad: Thon Hotell Kristiansund
- Ålesund: 30. november kl. 10.00-15.00, stad: Scandic Parken Hotell
- Ulsteinvik: 31. januar 2023 kl. 10.00-15.00, stad: Thon Hotell Ulstein

Agenda for fagdagane vil vere følgjande: 

- Fakta, førekomst og styrande dokument
- Fenomenforståing: Ulike perspektiv for korleis suicidalitet kan verte forstått, biomedisinsk, psykologisk, eksistensiell, relasjonell/kommunikativ, kontekstuell/sosiokulturell
- Sjølvmordsførebygging i eit folkehelseperspektiv
- Handlingsplanarbeid
- Lunsj
- Tilnærming til personar som kan vere i sjølvmordsfare
- Rettleiande materiell
- Etterlatne og pårørande
- Sorg og komplisert sorg.

Målgruppe: 

Kommunalt tilsette som jobbar med folkehelse, skule, helse, sosial og omsorgssektoren, frivillige lag og organisasjonar, idrettslag, kulturorganisasjonar og brukarorganisasjonar og andre offentlege tilsette og/eller interesserte.

Arrangør: Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Regionalt ressurssenter om vold, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-midt) og Møre og Romsdal fylkeskommune

Økonomi: Samlinga er gratis, lunsj vert servert. Avgrensa med plassar, så her er det først til mølla.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 26.10.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du kanskje ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon