Fagdag om ny bustadsosial lov
Statsforvaltaren i Vestland og Husbanken inviterer til fagdag i Bergen, der vi saman går gjennom den nye lova og kva følgjer den får for det bustadsosiale arbeidet i kommunane.
Ingrid Johanne Dahlberg, fagdirektør i Kommunal- og distriktsdepartementet, vil gi ein grundig gjennomgang av den nye «Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet» som trer i kraft 1. juli 2023. Vi vil mellom anna få innlegg frå ulike kommunar om kva konsekvensar dei ser føre seg at den nye lova gjev, og det vert høve til å stille spørsmål.
Stad: Thon Hotel Bergen Airport