E-kurs: Kurs i Sosialtenestelova
Statsforvaltaren har som ei av sine oppgåver å gi hjelp til NAV-kontora i opplæring, råd og rettleiing i Lov om sosiale tenester. På bakgrunn av dette ansvaret har vi laga opplæringsfilmar som er tilgjengeleg for dei som melder seg på kurset. Opplæringa er eit særskilt tilbod tilsette (rettleiar- og leiarnivå) i NAV-kontor som har arbeidsoppgåver forankra i sosialtenestelova. Kurset er også til nytte for dei i NAV som må kjenne til lova for å kunne gi informasjon/rettleiing om og identifisere behov for sosiale tenester. Målet for opplæringa skal gi deg uka kunnskap om sosialtenestelova med forskrift og rundskriv, slik at brukarane sine behov for tenester blir avdekt og gitt i samsvar med lova.
Filmane er delt opp etter kapittel og enkelte paragrafar i lova slik at ein lett kan finne fram. Vi vil anbefale at den som er ny i NAV og ikkje kjenner lovverket går gjennom alle dei 12 filmane for å få eit heilskapleg bilete av loven. Seinare kan ein gå inn og sjå om att delane når inn lurer på noko eller treng ei oppfrisking. Dei kan og nyttast til fagmøte i kontora for å oppnå felles forståing av lova.
Vi håper at ein slik fleksibel tilgang på kunnskap om lova vil gjere NAV-kontora betre tilgang på heilt nødvendig kunnskap for å kunne gi gode og forsvarlege tenester til dei som treng det.
Påmelding: Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til [email protected] eller på telefon 71 25 85 11.
Stadfesting: Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt riktig. OBS! Lenke til kurset kan havne i søppelposten din.