Digital Eksamenssamling for grunnskolen

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i samarbeid med Utdanningsdirektoratet inviterer med dette til digital samling (Teams) om eksamen etter LK20.

Eksamenssamlinga den 3. november 2022 vil handle om endringane i eksamen etter ny læreplan med fokus på sensur. Utdanningsdirektoratet vil halde ei felles økt på tvers av faga, før ein deler seg fagvis til ei økt med vekt på sensur i det enkelte faget.
Målet med samlinga er at tidlegare sensorar og potensielle sensorar skal bli kjent med endringane i eksamen, få eit tolkingsfellesskap og sikre rekruttering av sensorar til sentralt gitt eksamen. Det er difor viktig å få med faglærarar som er aktuelle fagpersonar for sentralt gitt eksamen våren 2023.


Målgruppe: Tidlegare sensorar og potensielle sensorar i grunnskolen

Oppkobling: Lenke for oppkobling vert sendt ut dagen før. Du vil motta to lenkjer, ei for del 1 (plenumsamling) og ei lenke for del 2 (engelsk, matte eller norsk)

Økonomi: Gratis.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 01.11.2022.  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til [email protected] eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon