Betydninga av bustad for barn og unge i låginntektsfamiliar

Korleis barn og unge bur kan ha stor betydning for oppvekstvilkåra deira. Statsforvaltaren i Vestland inviterer med dette til eit webinar om betydninga av bustad for barn og unge som veks opp i låginntektsfamiliar.

Statsforvaltaren i Vestland inviterer til ein webinarserie om butilhøve for vanskelegstilte barn og unge. I dette første webinaret vil vi sjå nærare på kva betydning bustaden kan ha for oppvekstvilkåra til barn og unge i låginntektsfamiliar. Forsking viser at korleis barn og unge bur, og det å vekse opp i familiar med vedvarande låg inntekt, har betydning for korleis dei har det og korleis dei får det seinare i livet. Korleis er det å vekse opp i ein kommunal bustad? Kva betydning har det å gå får å leige bustad til å eige bustaden?


Det er gratis å delta på samlinga på Teams.


Program: 

  • Velkommen og introduksjon, ved Lars-Marius Ulfrstad, Statsforvaltaren i Vestland
  • "Helse og utvikling hos barn og unge i låginntektsfamiliar: Kva veit vi og kva kan vi gjere med det?" Ved Tormod Bøe, professor ved Institutt for samfunnspsykologi, UiB
  • "Betydninga av bustad og bumiljø for barn og unge i kommunale bustader. Kva seier forskinga?" Ved Ingar Brattbakk, forskar ved Arbeidsforskingsinstituttet (AFI), OsloMet
  • "Barna først. Bruk av Husbanken sine verkemiddel for å få barnefamiliar frå leige til eige - av betydning både for barnefamliane og kommunane." Ved Arne Holm, forskar ved By- og regionforskingsinstituttet NIBR, OsloMet
  • "Bustadsosialt arbeid overfor barnefamiliar i låginntekt i Sandnes kommune." Ved Cathrine Raaen, verksemdleiar i bustadtenesta, Sandnes kommune


Kategori (fagområde): 

Barn og unge, bustadsosialt arbeid


Målgruppe: Tilsette i kommunar med interesse for oppvekstvilkåra til barn og unge i låginntektsfamiliar, og andre involvert i bustadsosialt arbeid og bustadsosial planlegging.


Vi sender ut møteinnkalling med lenkje til samlinga i kalenderen til dei som melder seg på. Når du melder deg på webinaret godtar du at namnet ditt vert vist i møteinnkallinga på Teams.


Arrangør: Statsforvaltaren i Vestland

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon