Barnevernleiarsamling for Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal inviterer til samling for leiarar i kommunalt barnevern 9. og 10. november 2023 i Ålesund.

Målgruppe for samlinga er barnevernsleiarane og team/fagleiarane i dei 14 barneverntenestene i fylket.

Programmet er under utarbeiding. Tema på samlinga blir m.a.

  • Barnevernet i Norge i dag – på rett veg? Bufdir er invitert til å innleie.
  • Digibarnevern
  • Bufetat si bistandsplikt
  • Utfordringsbilde i kommunalt barnevern
  • Ivaretaking av fosterforeldre
  • Tilrettelagt avhøyr ved barnehuset

Vel møtt til nyttige dagar i Ålesund!

Økonomi: Statsforvaltaren betaler møte- og opphaldsutgifter. Ekstra overnatting frå 8.11. til 9.11 kan dekkast for deltakarar med over to timar reiseveg.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 22.10.2023. Påmeldingsskjema finn du på denne sida.  Spørsmål om påmelding rettast til [email protected] eller telefon 71 25 85 11. 

Stadfesting:  Påmelding blir stadfesta direkte til e-post etter påmelding. Får du ikkje stadfesting er du ikkje påmeldt. Sjekk om du har fylt ut alle felt. 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon