Barnehagekonferansen 2022

Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert arrangert på Scandic Parken i Ålesund 27. – 28. oktober 2022. 

Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.

Pandemien har vist at barnehagen er ein betydeleg samfunnspilar.

Barnehagen er viktig for barn si utvikling og den har stor betydning for at vårt samfunn skal fungere. Barnehagen er òg ein sentral påverknadsfaktor i barns tidlege leveår. Det som skjer i desse viktige åra setter spor vidare i barna sine liv. Barn skal oppleve at kvardagen er fylt med meining, kjenne at dei er verdifulle og tatt på alvor.

Dei siste åra har vore prega av kriser og unntakstilstand, og samtaler med barn om viktige, men vanskelege tema er ein del av kvardagen vår. Kvaliteten og verdien av samtale med barn er avhengig av kompetanse og ulike samtaleferdigheiter. Dette er den vaksne sitt ansvar.

På lik linje er barnehagekvaliteten avhengig av kompetansen til dei tilsette, som speglar seg i den profesjonelle identiteten.

Vi ser fram til konferansen og til å ønskje deg velkomen til Barnehagekonferansen 2022
post covid – BARNEHAGEN EIN SAMFUNNSPILAR.

Program og informasjon
Program og utfyllande informasjon finn du her: https://www.barnehagekonferansen.com/

Målgruppe
Pedagogisk personale i barnehagane, barnhageansvarlege på kommunenivå, tilsette i PPT og høgskuletilsette.

Økonomi
Oversikt over prisar finn du i høgremenyen.
Konferanseavgifta på kr. 1000.- er inkludert i prisen.
Arrangøren inviterer til felles 3-rettars middag på Scandic Parken 27. oktober kl. 20.00. Middagen er inkludert i heilpensjon. Ikkje-buande som ønskjer å delta på middagen er hjarteleg velkomen. Du vel alternativ ved påmelding.

Alle utgifter for konferansen betalast online ved påmelding eller ved faktura.

Overnatting
Vi disponerer eit tal rom på Scandic Parken, Hotel 1904 og Thon Hotel Ålesund. Av erfaring veit vi at konferansen har stor deltaking, og vi gjer merksam på at ein ikkje er sikra rom på det hotellet ein primært ønskjer. Fordeling av hotell skjer etter påmeldingstidspunkt. Dersom du skal dele rom med nokon må du opplyse i påmeldingsskjemaet kven du skal dele rom med. Informasjon om kva hotell ein skal bu på, vert publisert til deltakarane nokre dagar før konferansen startar.

Påmelding
Det er elektronisk bindande påmelding innan 29.09.2022.
 
Påmeldingsskjema finn du lenger ned på sida.
Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til [email protected] eller på telefon 71 25 85 11.

Stadfesting
Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon