Statsforvaltaren i Vestland arrangerer 26. september eit gratis øvings- og fagseminar om CBRNE med særleg vekt på atomberedskap i Førde.
Vi arrangerte hausten 2022 eit tilsvarande seminar i Bergen. Ein konklusjon frå samlinga var at det er behov for meir kunnskap og trening, ikkje minst utanfor Bergensområdet.I tillegg til behovet for akutt innsats for å redde liv og helse (redningsteneste), vil CBRNE-hendingar nesten alltid gi samfunnsmessige konsekvensar som må handterast parallelt. Det kan gjere det ekstra utfordrande for samvirket.
Målgruppe for seminaret er særleg taktisk nivå, dvs innsatsleiarar i naudetatane, Sivilforsvaret og Heimevernet. Vi meiner likevel at det òg er aktuell for folk som jobbar på operativt nivå i desse organisasjonane (tilsette på fagsentralane eller folk som har stabsfunksjonar), og for kriseleiinga i kommunane.
Samlinga vil vere ein kombinasjon av foredrag, case/bordspel med tilhøyrande tematikk og diskusjonar. Målet for samlinga er at vi ved å tydeleggjere ansvar og oppgåver og rekkefølge for tidlege tiltak i første linje, aukar evna til samvirke mellom involverte aktørar i regionen.
Mange beredskapsorganisasjonar er vant med å øve sjølv, men frå tidlegare øvingar har vi sett at det òg gir mykje læring i å observere kvarandre. Ved å invitere aktørar med ulike roller ved ei CBRNE-hending, håpar vi å bidra til at aktørane vert kjent med kva andre kan bidra med, og med det gjere ei uønskt hending meir handterleg og forståeleg.