Dagssamling - Barnehagemyndigheit

Den 24. april 2024 arrangerer Statsforvaltaren i Vestland ei stadleg samling i Bergen. Tema er kommunen som barnehagemyndigheit.   

Dei aller fleste barn i barnehagealder går i barnehage. Barnehagemyndigheita har ei viktig rolle når det kjem til å sikre at desse barna får eit likeverdig tilbod av høg kvalitet. Det nye regelverk som trådde i kraft 1. januar 2021, påla kommunane å ha ei uavhengig barnehagemyndigheit. Vi registrerer at kommunane har kome fram til fleire ulike måtar å løyse barnehagemyndigheitsrolla på. Dette er eit pågåande arbeid, og framleis er det fleire kommunar som er i prosess med å finne sin måte å løyse barnehagemyndigheitsrolla på.   

Statsforvaltaren ynskjer med denne samlinga å fasilitere ein arena der kommunane kan hente inspirasjon og dele erfaringar kring barnehagemyndigheitsrolla. På samlinga skal vi ta føre oss kva plikter barnehagemyndigheita har, sjå på ulike organisatoriske løysingar, dele erfaringar om utfordringar og løysningar, og få innsikt i regelverket kring dei ulike organiseringsformer.   

Samlinga rettar seg mot tenesteleiarar for oppvekst/barnehage og for personar med leiaransvar- eller oppgåver knytt til barnehagemyndigheita. I utgangspunktet er deltaking avgrensar til to personar frå kvar kommune. Om det viser seg at det vil bli ledige plassar, vil vi opne opp for etterpåmelding.   

Samlinga er gratis å delta på, men deltakarane må sjølve dekkje reise- og overnattingskostnadar. 


Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon