Housing First-konferanse

Hovudtalar på konferansen er Dr. Sam Tsemberis, grunnleggjar av metoden Housing First.


Housing First er metode for å skaffe bustad og tenester til menneske med utfordringar innan rus og/eller psykisk helse, med høg grad av brukarmedverknad, og med dokumentert effekt.


Både små og store kommunar gir tilbakemelding om at dei har utfordringar med å tilby stabile og gode bustadar og tenester for personar med rus og/eller psykisk liding. På konferansen vil kommunane kunne få auka kompetanse om heilskaplege bu- og tenesteløysingar for personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse. Konferansen er retta mot kommunar i heile landet og deira samarbeidspartar.


Det er avgrensa tal plassar.


Dr. Sam Tsemberis er hovudtalar på konferansen.


Program:

  • Velkommen
  • Housings First - what it is and why it works v/Dr. Sam Tsemberis, Pathways Housings First
  • Pause
  • Kva har vi lært etter 10 år med Housing First i Norge? v/Kinn, Bodø, Trondheim og Sandnes kommune og NAPHA
  • Pause
  • Brukarane sine erfaringar med Housing First - Innlegg, film og panelsamtale v/brukarar av Housing First, repr. fra brukarmiljø, Baldurfilm og Sam Tsemberis
  • Bustadløyse i Norge 2023 - status og utviklingstrekk v/Hermund Urstad, Husbanken
  • Pause
  • Housing First - what's next? v/Dr. Sam Tsemberis
  • Spørsmål frå salen/Q&A til Sam Tsemberins
  • Avslutning 


Delar av konferansen går føre seg på engelsk. Det vert moglegheit til å stille spørsmål til Sam Tsemberis.



Stad: Røde Kors konferansesenter


NB: Sidan det er avgrensa tal plassar på konferansen, er det viktig at du sjekkar at du får kvittering for at du er påmeldt. Dersom du ikkje får kvittering innan nokre minutt, kontakt [email protected]. (sjekk også søppelpost). 


Det er ingen deltakaravgift på konferansen. Påmelding utan oppmøte vert fakturert med kr 600,-. Deltakarane dekker sjølv sine eigne utgifter med reise, eventuelt opphald etc. 


Arrangørar: Statsforvaltaren i Rogaland, Vestland, Nordland og Innlandet, Husbanken, Kinn kommune og NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid).

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon