Søre Neset TINE Fotballskule 2019




Hei alle fotballglade gutar og jenter frå 1-7.klasse,

Då kan vi med stor glede ønske velkommen til årets største fotballbegivenhet for barna; TINE Fotballskule på Søre Neset! 

Vi vil følge opp suksessen frå tidlegare år, der barna blir delt inn i grupper basert på alder, kjønn og vennskap. Så vil våre flotte instruktørar, som i år er henta frå både Nore Neset/Os, Bjarg og Søre Neset, følge gruppene på diverse stasjonar. Også i år har vi vore så heldig at hoppeslottet kjem på plass og blir då ein av stasjonane slik at alle får hoppetid :) 

Alle gruppene vil ha fokus på meistring, vennskap og felleskap. Dette vil då bli i form av øvelsar som bygger på fotballferdigheitar; pasningsferdigheit, press- og gjenvinning, 1 vs 1, avslutningsferdigheit med meir. 

Hurtigheit (agility), styrketrening (core) og balansetrening er òg grupper som barna vil vere med på slik at dei lærer viktigheita med å ta best mogleg vare på kroppen. 

Mange av øvelsane er henta frå diverse fotball-akademiar i både inn- og utland, slik at barna skal få både utfordring og meistring uansett alder, kjønn og nivå.

Vi vil også ha ei eigen keeper-gruppe, så for dei barna som ønsker det så vil våre eminente keeper-trenarar ha eit eige opplegg for dei som ønsker det. Husk å ta med keeper-hansker! Vi vil ta ein opptelling på morgonen så ein treng ikkje melde på ekstra for dette.

Vi håpar sjølvsagt at det også i år kjem mange jenter, i tillegg til gutar.

I tillegg vil dagane bli fylt med kjekke konkurranser og leikar som barna kjem til å like, der ein del av dei også vil ha med premiar.


I tillegg vert det nokre kjekke overraskingar undervegs.


Her er litt praktisk info:

Tirsdag - fredag 25. til 28. juni

Innsjekk 0900-10:00. Utsjekk 1400-1430

Pris 1000 kr for 4 dager

Søskenpris er 900kr for nr 2, 800kr for nr 3, 700kr for nr 4 (100kr i avslag pr søsken)


Alle barna vil få utdelt TINE-sekk, med TINE T-skjorte første dagen dei kjem på fotballskulen. I tillegg så sponsar TINE heile fotballskulen med gratis TINE Sjokolademelk til alle barna (denne er for alle, også dei med allergiar).

Viktig! Alle barna må ha med seg matpakke. Pakk gjerne ein sunn og næringsrik matpakke slik at dei får massevis av energi til å gjennomføra stasjonane heilt til endes. Husk også å gi barna en god frokost før dei kjem, då vi sparkar i gong frå kl 10. For dei som kjem før så vil barna kunne kose seg med frileik og hoppeslott m.m. så ingen problem.

Kiosken vil vere åpen kvar dag frå kl 14. Her vil vi også i år ha fokus på sunne alternativ.  


Turnering siste dagen der alle får premie. 


Då er det berre å ønske vel møtt til alle :) 




Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon