SNIL Haustferie Fotballskule




Då er det snart haustferie allereie, men fortvil ikkje. Søre Neset Idrettslag køyrer i gong med SNIL Haustferie Fotballskule!

Alle 1-7. klassingar er hjarteleg velkomne til mykje fotball-moro på Halhjem.

Vi vil også denne gong ha diverse temaer for kvar dag;

- pasningsferdigheit (kraft og presisjon, kor og kortid skal pasningen gå)

- press- og gjenvinning (kor høgt og kortid skal ein setja presset, viktigheita med å kjapt vinne tilbake ballen ved ballmist)

- 1 vs 1 (borna øver på finter; Ronaldo-finten, Messi-finten, Zidane, Cruyff osv.)

- avslutningsferdigheit (få ballen i mål, borna skyter med begge bein)

Gjennomgåande for heile fotballskulen er å bli "sjef over ballen". Vi øver mykje på å bruke begge beina slik at ingen fot er den dårlegaste. I tillegg vert det sjølvsagt eigne øvelsar med hurtighetstrening (agility), styrketrening (core), balansetrening og mange artige konkurransar.

Vi prøvar også å få til ein eigen keeperskule for alle borna som ynskjer det. Det einaste er at dei då må ha med seg keeperhanskar i tillegg til det vanlege fotballutstyret (joggebukse og genser/fotballbukse og genser, fotballsko og fotballsokkar, leggbeskyttarar)


Måndag - onsdag 8. til 10. oktober

Innsjekk 0830-09:00. Utsjekk 1430-1500

Pris 900 kr for 3 dager

Søskenpris er 800kr for nr 2, 700kr for nr 3, 600kr for nr 4 (100kr i avslag pr søsken)

Alle barna vil få eit varm måltid + frukt kvar dag. Viktig at vi blir informert om evt allergiar/sjukdommar!

Kiosken vil vere åpen kvar dag frå kl 1430. Husk å gi barna en god frokost før dei kjem!

Turnering siste dagen!


Ale borna får premie for å vere med på fotballskulen!


Vel møtt :) 

Beklager, påmeldingsfristen er utløpt. Ta kontakt med arrangøren for mer informasjon